Personvernerklæringa gjeld for deg som bruker Ålesund kommune sine bysyklar. Her kan du lese om våre prinsipp for personvern og dine rettar som kunde.
Behandlingsansvarleg når du bruker tenesta er: Ålesund kommune, organisasjonsnummer: 999 911 709, postboks 1521, 6025 Ålesund.
Våre prinsipp for personvern
- Vi skal behandle personopplysningar på en lovleg, rettferdig og open måte.
- Vi skal kun hente inn personopplysningar som er relevante for kundeforholdet hjå oss.
- Vi hentar ikkje inn fleire personopplysningar enn naudsynt.
- Personopplysningar vi har henta inn skal vere oppdaterte og korrekte.
- Personopplysningar vi har henta inn skal slettast når det ikkje lenger er behov for dem.
- Personopplysningar vi har henta inn skal behandlast konfidensielt.
- Vi sel eller deler aldri personopplysningar til tredjepartar.
- Våre kundar har rett til å få innsyn i personopplysningar knytt til sitt kundeforhold. De skal kunne få ein kopi av desse, og kan velje å slette dei fra våre system.
Kva rettar har eg?
- Rett til innsyn og rett til dataportabilitet. Du har rett til å få informasjon om kva personopplysningar vi behandlar og korleis vi behandlar dei. Som kunde av Ålesund kommune sine bysyklar har du oppretta ein brukarprofil i ShareBike-appen. Du kan logge deg på inn i ShareBike-appen og sjå opplysningar vi har lagra om deg. Du har også rett til å etterspørje ei komplett liste over informasjonen i eit maskinlesbart format, slik at du kan overføre denne til andre. Ei slik oversikt kan du få ved å kontakte oss på postmottak@alesund.kommune.no
- Rett til korrigering og sletting. Du kan krevje at vi rettar opplysningar om deg dersom dei er mangelfulle. Du kan også krevje å få sletta brukarprofilen din.
- Rett til avgrensing: Du har rett til å be om en avgrensing av behandlinga av personopplysningar, til dømes dersom du meiner behandlinga ikkje fyl gjeldande lover og reglar, eller at opplysningane er feil.
- Rett til å trekke tilbake samtykke. Det er enkelt å trekke tilbake eit samtykke du har gitt til behandling av dine personopplysningar. Send e-post til postmottak@alesund.kommune.no for å endre samtykka dine.
- Rett til motsegn. Du har rett til å protestere på vår behandling av dine opplysningar.
Kva blir personopplysningane brukt til?
- Vi samlar inn fylgjande personopplysningar om deg: Namn og kontaktinfo (e-post, telefonnummer og adresse), fødselsdato, kjønn (valfri), konto- og ordrehistorikk, posisjonsdata knytt til bruk av sykkelen, betalingsopplysningar, opplysningar om bruk av våre nettsider og app, og opplysningar om din kontakt med oss.
- Leige av Ålesund kommune bysykkel. Når du opprettar en brukarprofil og leiger sykkel hjå oss, inngår vi ein avtale med deg. For å kunne oppfylle avtalen må vi vite kven du er. Vi treng også dine kontaktopplysningar for å sende deg informasjon om og tilknytt leigeforholdet. For å kunne administrere og drifte tenesta, treng vi også informasjon om kor sykkelen er å finne, som vi får gjennom GPS-sporing av sykkelen. Vi kan også bruke slik posisjonsdata til å gjere feilsøk på utstyr og i høve gjennomføringa av leigeforholdet. For å kunne ta betalt for tenesta, treng vi dine betalingsopplysningar.
- Administrasjon av din brukarprofil og kundeforhold. For å kunne administrere kundeforholdet treng vi å behandle dine personopplysningar registrert ved oppretting av din brukarprofil hjå oss, her under blant anna for å kunne svare på førespurnader fra deg som kunde via våre kanalar. Vi må også kunne sjekke din aktivitet i ShareBike-appen for å kunne svare på førespurnader om desse tenestene, til dømes ved feilsøking.
- Forbetring og feilsøking. Vi jobbar heile tida med å forbetre våre digitale løysingar. Dette inneberer blant anna feilsøking og feilretting. Dersom du tek kontakt med oss for å melde inn feil eller komme med forbetringsynskjer, kan vi hente inn dine kontaktopplysningar, samt informasjon om din bruk av vår app.
- Utvikling av nye og eksisterande tenester. Vi behandlar i tillegg personopplysningar for å identifisere etterspørsel etter nye produkt og tenester og for å forbetre allereie eksisterande produkt og tenester.
- Vi bruker informasjonskapslar (cookies) for å gi deg en betre brukaroppleving når du bruker ShareBike-appen. Du kan sjølv bestemme om du vil tillate bruk av informasjonskapslar.
- Deling av personopplysningar. Vi kan dele visse personopplysningar med våre samarbeidspartnarar og leverandørar. Med våre samarbeidspartnarar er det aktuelt å dele opplysningar som er relevante for forbetring av eller utvikling av nye produkt og tenester. Med leverandørar kan vi dele opplysningar de trenger for å utføre eit oppdrag dei har fått av oss. Dette kan være konsulentselskap,
reklamebyrå, leverandør av analyseverktøy og liknande. Ved deling som nemnt over, inngår vi alltid avtaler som avgrensar leverandøren sin tilgang til bruk av opplysningane, blant anna at opplysningane ikkje kan delast vidare. Vi kan også dele data med relevante forskingsprosjekt vi deltek i. Personopplysningar vil kunne utleverast til offentlege myndigheiter om vi får krav om det, til dømes når det er mistanke om lovbrot i høve bruk av våre tenester. Vi vil ikkje dele eller formidle personopplysningar på nokon anna måte enn beskrive her. Vi sel ikkje dine personopplysningar til tredjepartar.
- Kor lenge blir personopplysningane lagra? Vi lagrar ikkje dine personopplysningar lenger enn naudsynt. Dette betyr til dømes at personopplysningar som vi behandlar på grunnlag av ditt samtykke, slettast, dersom du trekk samtykke ditt. Personopplysningar vi behandlar for å oppfylle ein avtale med deg, slettast når avtalen er oppfylt og alle plikter som fyl av avtaleforholdet er oppfylt. Til dømes beheld vi profildata så lenge du er aktiv kunde hjå oss og slettast etter 3 år utan aktivitet. Ordrehistorikk slettast 3 år etter siste kjøp (leie), men bokføringsopplysningar beheld vi i 5 år etter bokføringslova sine fristar. Opplysningar om posisjonshistorikk blir anonymisert, normalt etter tre månader, når det ikkje lenger er behov for full historikk.
Hjelp og kontakt
- Lurer du på kva personopplysningar vi har henta inn om deg som kunde, eller ynskjer du at vi slettar noko om deg? Logg inn på «Min Brukarprofil» i appen for å administrere dine samtykker.
- Ved førespurnader angåande vår behandling av personopplysningar kan du kontakte oss på e-post: postmottak@alesund.kommune.no.
- Du har også rett til å klage på vår behandling av personopplysningar til Datatilsynet. Les meir hjå Datatilsynet eller send e-post
til postkasse@datatilsynet.no.
- Er det noko i personvernerklæringa som er uklart eller ikkje stemmer? Ta gjerne kontakt på postmottak@alesund.kommune.no.