Disse vilkåra for Ålesund kommune sine bysyklar utgjer ei avtale mellom Ålesund kommune og deg.
1. Opprette kundeforhold og kjøp
- Du registrerer deg som brukar av Ålesund kommune sine bysyklar og tilhøyrande tenester som blir levert av Ålesund kommune.
- Du kan ikkje dele brukarprofilen din med andre.
- Du må være over 16 år.
- Priser for bruk av tenesta finn du på Ålesund kommune sine heimesider og i appen «ShareBike».
2. Bruk av sykkelen
- Du kan leige for så lang periode du vil.
- Ditt ansvar: Du er ansvarleg for sykkelen frå du hentar den i et stativ til du har levert den tilbake i et stativ. Du må ikkje overlate sykkelen til andre.
- Du er ansvarleg dersom du påfører deg sjølv eller andre skade ved bruk av sykkelen.
- Du må sykle varsamt og overhalde trafikkreglane.
- Defekt eller skada? Syklane blir satt ut i god stand og fortløpande kontrollert og reparert. Det kan likevel skje at du finner en defekt sykkel i stativet. Du er derfor sjølv ansvarleg for å sjekke at sykkelen er i forsvarleg stand før den blir teken i bruk. Bremser må sjekkast straks etter at sykkelen blir teken ut av stativet.
- Melding om defekt eller skada sykkel. Du må straks melde fra via appen eller på e-post dersom du oppdagar større skader eller feil på sykkelen.
- Låse sykkel. Går du fra sykkelen i leigeperioden, t.d. dersom du skal i butikken, må du sørge for at den er forsvarleg låst med integrert låsefunksjon.
- Mista sykkel. Du må straks melde frå i appen eller på e-post dersom sykkelen blir borte. Dersom sykkelen ikkje er riktig låst når du set den frå deg, er du erstatningspliktig dersom sykkelen blir borte.
3. Avslutte turen
- Avslutning av leigeperioden. På slutten av leigeperioden, må du returnere sykkelen til en av Ålesund kommune sine ladestasjonar. Leigeperioden avsluttast når sykkelen er satt i ladestasjonen på korrekt måte. Dette får du bekrefta i appen: sykkelen er levert og leigeperioden avslutta.
- Problem med avslutning. Dersom du har problem med å avslutte leiga på den måten som nemnt over, må du straks gje beskjed til Ålesund kommune via appen eller på e-post.
- Bekrefta avslutning av leigeforholdet. Dersom du ikkje har avslutta leigeforholdet på korrekt måte innan 12 timer frå leigeperioden startar, kan Ålesund kommune når som helst kontakte deg for å sjekke om du framleis ynskjer å leige vidare.
- Ålesund kommune kan avslutte leigeforholdet. Ålesund kommune kan når som helst avslutte leigeperioden dersom vi har grunn til å anta at du ikkje lenger ønsker å leie, til trass for at leigeforholdet ikkje er avslutta på korrekt måte, eller vi har rimeleg grunn til å tru at du ikkje tek tilstrekkeleg vare på sykkelen.
4. Erstatningsansvar
- Dersom du mister, sykkel blir stolen, eller du øydelegg sykkelen fordi du ikkje har overhaldt ein av reglane ovanfor, kan Ålesund kommune holde deg erstatningsansvarleg, grense oppover til sykkelens innkjøpspris.
- Ålesund kommune er ikkje ansvarleg for person- og tingskader som oppstår grunna ein defekt eller skada sykkel som du tek i bruk, dersom du burde ha oppdaga forholdet ved leigeperiodens start. Tilsvarande gjeld dersom du held fram å bruke sykkelen etter at det har oppstått ein defekt eller skade
undervegs i leigeperioden.
5. Personvern
- Du er kjend med at alle syklar er utstyrt med GPS-sporing, og godtek at slik sporing er eit vilkår for å bruke Ålesund kommune sine bysyklar.
- Ålesund kommune samlar inn, tek vare på og behandlar diverse personopplysningar om deg. Ålesund kommune er behandlingsansvarleg for desse opplysningane. Detaljane vedrørande gjeldande opplysningar, finns i Ålesund kommune sin personvernerklæring for bysyklar som er tilgjengeleg i appen og på våre nettsider.
- Du har rett til å klage over Ålesund kommune sin behandling av dine opplysningar til Datatilsynet.
- Ved bruk av tenester frå andre underleverandørar i forbindelse med tenestene Ålesund kommune leverer, kan desse leverandørane få tilgang til og behandle personopplysningar, men kun i den utstrekning det er naudsynt for å levere tenesta.
- Vidareformidling av personopplysningar ut over det som er naudsynt for å yte tenesta eller det du eksplisitt har samtykka til, vil berre skje i den grad personopplysningslova heimlar det.
- Du har moglegheita til å få innsyn i, korrigere, og slette dei personopplysningar som Ålesund kommune har om deg i samsvar med krava i personopplysningslova. Du har også anledning å få utlevert personopplysningane til deg sjølv eller til ein dataansvarleg etter ditt val.
6. Force Majeure
- Ålesund kommune kan ikkje haldast ansvarleg dersom fyljande forhindrar sykkeltenesta frå å levere tilstrekkeleg: Arbeidskonfliktar, dataangrep, ikkje planlagt nedetid på datasystem, øydelegging av infrastruktur, tjuveri, ekstremvær, brann, krig, naturkatastrofe, terror og epidemiar